torsdag 29. november 2007

O'jul med din glede

Det er ikkje kvar dag ein går rundt juletre og drikk gløgg her i Beijing, men forrige helg var det nettopp dette som stod på programmet.

Ambassademiddag og Gunnar frå Kirkenes
Når Henrik og klassen hans var på middag på den norske ambassaden for omlag ein månad sidan, var dei så heldige å få møte dei kinesiske norskstudentane som er her i Beijing. For det har seg nemleg slik at det frå i år er eit universitet som har bestemt seg for å tilby eit norsk-studium til interresserte studentar. Dette er det første norsk-studiumet i Kina, og (merkleg nok, kanskje) er det no litt over 20 studentar i Beijing som studerar norsk språk og kultur, nett slik som Henrik og dei andre i klassa hans studerar kinesisk språk og kultur.

På denne middagen fekk Henrik god kontakt med ein kinesar som heiter Gunnar (han med brillene på det øverste biletet). Gunnar er det norske alter-egoet som denne studenten har valgt, og Gunnar kjem frå Kirkenes. Han har ikkje mindre enn ni brødre og ti søstre, og er den heldige eigar av tre gulfiskar. Kva Gunnar eigentleg heiter er uvisst for både meg og Henrik, for oss er han Gunnar frå Kirkenes.

Korleis organisere julefest i Beijing
Etter fleire forsøk fram og tilbake for å finne på noko sosialt saman med dei kinesiske norsk-studentane, kom det tilslutt eit slåande forslag om å arrangere norsk julefest for norsk-studentane. Så då sette vi i gang å lokalisere gløgg, pepperkaker, mandarinar, juletre og korleis lage risengrynsgraut.

I jakta på gløgg og pepperkaker var det sjølvsagt IKEA som var den første staden vi vendte auga. Og som alltid vart vi ikkje skuffa av denne skandinaviske høgborga her i den fjerne orienten. Mandarinar haddde den lokale frukthandlaren meir enn nok av, og juetre fekk vi leigd (!) ferdig pynta frå ein juletreleverandør. Risengrynsgrauten vart til i dei kreative hendene til Fredrikke (sjå biletet nederst til høgre), og etter litt utforsking av ulike ris-sortar og eit prøvekok var ho klar med melk, ris og salt for å lage ein smak til alle av denne delikatessen frå nord.

Suksess
Sjølv om mandelen i grauten aldri vart lokalisert var kvelden ein stor suksess. Og då vi gjekk rundt juletreet og sang "På låven sitter nissen" sang norsk-studentane med av full hals for denne hadde dei nett lært på skulen. I nokre få timar var vi i vår eiga vesle norske verd, med julemusikk, pynta juletre og lukta av jul. Og eg trur eg kan seie at når kvelden var over var dei fleste norske tilstades litt meir klare for å kome heim igjen til fedrelandet og feire jul med kjente og kjære.




0 kommentarer: