onsdag 19. september 2007

Jobb og skule gjer kvardagen kule

No har det allereie gått en måned sia eg kom hit til Kina, så då er det vel på tide at også eg gjer min inntreden her på bloggen!

Som de allereie veit har den første tida gått med til leilighetssinnreiing og Shanghai-tur. Det tok si tid, men no er endeleg alt på plass i husveret vårt. Det inkluderar mellom anna sofa, spisebord, kunst, plante og hybelkaninar.

Sidan det ikkje er særleg givande å vere husmor i ein leilighet på ca 45 kvadrat, når vi i tillegg har vaskehjelp, har eg i løpet av dei siste vekene prøvd å få innpass på arbeidsmarknaden her i Kina.

Når eg endeleg fekk ut fingeren og skreiv nokre søknadar på jobbar som engelsklærar, kom den eine invitasjonen til jobbintervju etter den andre. Dette til tross for at så og seie alle jobbane eg søkte på KUN ville ha "native english speakers". Men når alt kom til alt viste det seg at så lenge eg såg vestleg ut og snakte bedre engelsk enn den jamne kinesar så var dette tilstrekkeleg for å kunne få jobb likevel.

Jobbintervju
Så forrige mandag var dagen duka for to jobbintervju i to firma eg syntes virkte ekstra interessante. Det viste seg etterkvart at fasade ikkje er alt når ein skal velge seg ein arbeidsgivar.

Den eine staden eg var på intervju vart eg møtt av eit veldig moderne og stilig lokale med eigen resepsjon og mange sekretærar. Lokalet låg i 27. etasje og det var tydleg at dei brukte mykje tid og pengar på korleis dei tok seg ut for omverda. Dette er jo vel og bra, men det er likevel ikkje mykje verdt når ein skremmer vekk arbeidssøkarane sine.

Under intervjuet spurte eg om dei kunne hjelpe meg med fornying av visumet mitt (noko som er vanleg at slike engelskskular som nyttar seg av utlendingar kan bistå med). Dette viste seg fort at dei ikkje var interesserte i å hjelpe til med. Når då han som intervjua meg like etter spurte om ikkje firmaet/skulen kunne presentere meg for elevane sine som ei frå USA eller Storbritania nærast skreik magefølelsen min til meg: "HER VIL EG IKKJE JOBBE!!" For når terskelen for å lyge til kundane sine er så låg, kan ein nesten rekne med at terskelen ikkje er så veldig mykje høgare for å lyge til meg som arbeidstakar. I tillegg var lønna mykje lågare i på denne skulen en det som er vanleg for utenlandske engelsklærarar i Kina og eg måtte og skrive under på eit reglement som ikkje likna grisen når det kjem til økonomisk sikkerhet for meg som arbeidstakar.
To elevar på Yan Tsing
Som de sikkert allereie har gjetta, var det den andre skulen eg valgte å jobbe for. Der vart eg møtt av eit mykje mindre stilig lokale, men med eit personale frå ein heilt anna verd enn på den andre staden eg var på intervju. Der var dei alle veldig hyggelege og ville veldig gjerne ha meg som arbeidstakar - uten at eg skulle lyge for elevane og late som om eg var amerikanar eller brite. Dei var og veldig behjelpelege med å sette meg i kontakt med ein "visum-agent" som fiksar alt med visumendringa mi for 900 Yuan. Men før skulen ville bestemme seg heilt for at dei ville ha meg, måtte eg holde ein prøvetime for nokre av dei ansatte. Så to dagar seinare kom eg tilbake og holdt ein prøvetime. Det var langt på nær ein heil time, snarare eit prøvekvarter der eg måtte vise fram korleis eg ville undervise ein elev i ein tekst som eg fekk omlag eit kvarter å forberede. Det gjekk veldig fint, og eg er herved ansatt i Yan Tsing Education.

No har eg blitt tildelt to elevar som eg skal vere lærar for. Dei fleste barn her i Kina får tidleg engelske namn i tillegg til sitt kinesiske, og mine to elevar heiter Reagan (som i presidenten) og Jade. Dei er henholdsvis seks og elleve år gamle og har begge veldig begrensa engelskkunnskapar. Men det er rart kor langt ein kan komme med teikningar og kroppsspråk når ein skal prøve å forklare nye ord og begrep til born! I første omgong har eg berre jobb i helgane (det er då mine elevar har time) men det gjer i grunn veldig lite no når eg og Henrik begynner å få besøk frå Norge. Økonomisk klarar vi oss på studielånet til Henrik og pengane eg tente i sommar varer veldig mykje lenger her i Beijing enn dei hadde gjort i Oslo.

Skulestart... igjen
Eg kan og melde at Henrik har begynt på skulen for fullt. I forrige veke vart han (og dei andre frå UiO) plasserte i dei klassene som dei skal gå i resten av tida på Peking University. Dette vart gjort gjennom ein "placement-test" og Henrik endte opp på ei klasse på "øvre mellomnivå" i dei eine faget og på mellomnivå i det andre. Trur han er veldig nøgd med det, og sidan universitetet han går på er kjent for å gje studentane sine nok å gjere på i løpet av semesteret, er det derfor litt ekstra viktig at ein hamnar i ei klasse med eit nivå som ein kan mestre.

Så alt i alt kan ein vel trygt seie at kvardagen begynner å normalisere seg for oss her i Beijing.

4 kommentarer:

Marte Gard Ullenes sa...

Kjempe kjekt å hørra om koss de går me dåkke "der borte"! Me savne dåkke her i Oslo, merke fysst nå kor møje me faktisk va me dåkke i fjor. Kjekt at de har ordna seg me jobb for deg, Gudrun!

Hjå oss går ting som vanlig, travelt med skule og Ny Generasjon. I tillegg har me jo fått oss leiebuar, eller hybelkanin som Jone kall'an.
Lykke te me jobb og skule!

Klem frå Marte!

Gudrun sa...

Ja, vi hadde det kjempekjekt i lag i Oslo! HEldigvis e det ikkje lenge til vi kjem tilbake og kan sosialiserast meir;)

En hybelkanin kan jo vere greit å holde i en periode! Og viss du kunne sende oss adressa dokka i oslo, så blir det kanskje ei meir personleg helisng til heile gjengen etter kvart:) HEls så masse til mannfolka dine!

Klem frå oss i Kina :)

Hege sa...

fantastiske bilder må eg seie:)

Og gleda meg masse masse til juuul:D:D Så kan vi sammenlikne opplevelsane fra det store utland:P

nuss

Hege sa...

fantastiske bilder må eg seie:)

Og gleda meg masse masse til juuul:D:D Så kan vi sammenlikne opplevelsane fra det store utland:P

nuss