fredag 5. oktober 2007

Å klippe, eller ikkje klippe


Som dei fleste kjente og kjære er kjende med driv eg nærast ein konstant kamp for å få Henrik til å gå til frisøren før håret hans er så langt han kan samle det i hestehale.. Somme tider lukkast eg, andre ikkje. I vårt litt ovet to år lange forhold har eg nytta både truslar og lokka med belønningar viss Henrik berre kan være så snill å gå å klippe seg.

Uansett, no har eg begynt å sjå eit mønster i det heile! Eg masar i omlag ein månad, og medan eg tryglar og ber om at han skal gå til frisøren (og holde ut den meiningslause bablinga til frisørar med antydning av lausemiddelskadar etter litt for masse kjemikaliar frå hårspray og hårbleikingsprodukt), så vert eg meir og meir oppmerksom på mitt eige hår. Det heile plar ende i at eg finn ut at eg og godt kan ta meg ein tur til frisøren.

Kveldstur
Det er nettopp ei slik "hårklippingskampanje" som førte til at eg tirsdag kveld tok det store steget og overlot mitt dyrebare hår til saksa tilhøyrande ein lokal frisør. Sidan det er særs få kinesarar med blondt hår og antydning til fall i det her i Beijing, var eg naturleg nok ganske nervøs over korleis resultatet kom til å bli. At eg i tillegg gjekk til frisøren aleine, utan min kjære tolk Henrik gjorde ikkje frisørturen akkurat mindre spanande. Men på eit vis fekk eg forklart at eg vil klippe meg og at det berre skulle verte litt kortare.

Til tross for at eg fekk tildelt ein frisør med ein litt tvilsam utsjånad (joggebukse, tatoveringar og skinnhead) så gjekk det heile over all forventning! Mamma kjem til å seie det er for kort når ho kjem om nokre dagar og frisøren klippte luggen litt for kort slik at den stadig dett ned i auga. Men for å vere ærleg så seier mamma alltid eg har for kort hår, og frisørane i Noreg skjønner heller ikkje kor fantastisk irriterande det er å ha panneluggen hengande konstant ned i høgre auge..

Billeg
Så alt i alt må eg seie det var ein vellukka tur til frisøren, og kanskje det beste med det heile var at den vesle kveldsutskeiinga mi kun kosta meg 10 yuan (eller 7 kroner og 20 øre). Det inkluderte sjølvsagt ein deileg hårvask med hovudbotnmassasje og ein effektiv, men god nok hårklipp.

Så då gjekk det som det som ofte går. Eg går no rundt med nyklippa hår utan flokar og slitte endar, medan Henrik framleis går rund med ein hårsveis som kanskje hadde høyrt meir heime i dei glade hippie-tider. Kor lang tid det tar før eg får overtala han til å klippe seg vil kun tida vise.

6 kommentarer:

Hilde sa...

Apropos hår. Akkurat det med motstand mot å gå til frisøren er nok et gen som brødrene Salthe har til felles! Jeg har også hatt en liten forandring på håret mitt nettopp. Skulle farge det blondt, sånn som jeg hadde da jeg var liten. Men som du kanskje vet så går det ikke så lett å bleke mørkebrunt hår. Så det ble selvfølgelig orange! Grøss... Se bloggen vår for hele historien ;)

Torstein sa...

Godt någen passe på den fyren. Bare si ifra hvis jeg skal hjelpe med tvangsklipping... Neida! Kjekt å lese om hvordan det går i Kina

Nils sa...

Du ble tøff på håret Gudrun...

Marte sa...

Fin, fin sveis Gudrun:) Og mas litt til på han derre mannen din!! hehe. gøy å lese blogg. Kos dere! klem, klem

Hilde sa...

Her i bartebyen ser det ut som eg ende opp med å klippe håret te Jon selv! hehe :) Har faktisk litt erfaring med å klippe meg selv fra da jeg hadde kort hår (jeg gadd heller ikke bruke så mye penger på frisør...), så jeg har jo litt erfaring. Hvis det blir stygt ska eg legge ut bilder på bloggen så dere kan le av ham ;)

Marte Gard Ullenes sa...

Nå sit me i sofaen på Skullerud, Martin, Marte, tante Olga og Jone og les om hårklipping. Tante Olga lurer på om Henrik har kjøpt seg ny bukse. Ho anbefaler også frisør! Tante Olga seier ho har fått god mat. Me fekk epler frå Låveveien og gresskar frå basar i Søndre Skøyen. Hilsen Oslo.